Fritidserklæringa

Støtteordning til fritidstilbud for barn mellom 6-18 år i Kinn kommune

Fritidstilbod for barn i Kinn!


Nasjonal fritidserklæring

Den nasjonale fritidserklæringa (pdf) var signert første gong i 2016 og på ny i 2022. Erklæringa er signert av statsministeren, sju statsrådar, KS, Norsk kulturskoleråd og 19 paraplyar og organisasjonar frå frivillig sektor. Denne seier at alle barn og unge skal få sjansen til å delta på fritidsaktivitet uavhengig av foreldre sin sosiale eller økonomiske situasjon. 

Kinn kommune har tilbod om støtte til deltaking i jamnleg organisert aktivitet for barn og unge 6-18 år.

For å lukkast med arbeidet må vi alle gjere ein innsats, både tilsette i kommunen og frivillige lag og organisasjonar. Difor må vi samarbeide om å gje god og tilpassa informasjon til barn, ungdom og føresette som står utanfor dei organiserte fritidstilboda. Kinn kommune har fått midlar av kommunestyret som gjer til at vi kan støtte barn og unge med å vere med på jamnleg organisert aktivitet i lag og organisasjonar. 

Kjenner du eit barn eller ein ungdom som kan trenge eit kjekt fritidstilbod som til dømes synge i kor, delta i idrett, på speidaren, i kulturskulen, i korps, drillen eller noko anna? Ta kontakt med oss! Vårt mål er at alle skal få eit tilbod på fritida si. 

NB! Ny ordning gjennom Friskus i Kinn kommune fra 1 januar 2025, les meir her: https://kinn.kommune.no/vare-tenester/kultur-idrett-og-fritid/friskus/ 

Ta kontakt om du treng hjelp.

Vågsøy Frivilligsentral: 

Siv Anett Kupen, Leiar, 90746471 / siv.anett.kupen@kinn.kommune.no      

Randi Kristin Kandal, Frivilligkoordinator, 90843480/ randi.kandal@kinn.kommune.no                             

Få informasjon og følg oss på facebook: https://www.facebook.com/vagsoyfrivilligsentral eller nettsida: https://vagsoy.frivilligsentral.no



2025 © Vågsøy frivilligsentral