Fritidserklæringa

Fritidstilbod for alle barn i Kinn. Frivilligsentralane i Vågsøy og Florø er så takknemlege for at forslaget til ungdommens kommunestyre vart vedteke i Kinn kommunestyre sitt budsjett. Dei bevilga 300 000,- i 2021 til arbeidet med fritidserklæringen! Det er også satt av 300 000,- kvart år fram til 2025, som er utruleg viktig for å ha forutsigbarhet i arbeidet med ordninga. Kinn kommune vidareførar dermed bevilgninga som Flora bystyre gjorde i 2019, der 217 barn fekk tilbod om fritidsaktivitet.

Fritidstilbod for alle barn i Kinn!

Kinn kommune har tilbod om gratis deltaking i jamnleg organisert aktivitet for barn og unge under 18 år!

Aldersgruppe: 6 til 18 år

Fritidserklæringa vart signert av Statsministeren, fleire statsråder, KS, Norges Idrettsforbund m.fl. i 2016. Denne seier at alle barn og unge skal få sjansen til å delta på fritidsaktivitet uavhengig av foreldre sin sosiale eller økonomiske situasjon.

For å lukkast med arbeidet må vi alle gjere ein innsats, både tilsette i kommunen og frivillige lag og organisasjonar. Difor må vi samarbeide om å gje god og tilpassa informasjon til barn, ungdom og føresette som står utanfor dei organiserte fritidstilboda. Kinn kommune har fått midlar av kommunestyret som gjer til at vi kan støtte barn og unge med å vere med på jamnleg organisert aktivitet i lag og organisasjonar. Det er frivilligsentralane i kommunen som har ansvaret for å koordinere dette arbeidet. 

Kjenner du eit barn eller ein ungdom som kan trenge eit kjekt fritidstilbod som til dømes synge i kor, delta i idrett, på speidaren, i kulturskulen, i korps, drillen eller noko anna? Ta kontakt med oss! Vårt mål er at alle skal få eit tilbod på fritida si. 

Vågsøy Frivilligsentral: 

Siv Anett Kupen, Leiar, 90746471 / siv.anett.kupen@kinn.kommune.no      

Randi Kristin Kandal, Frivilligkoordinator, 90843480/ randi.kandal@kinn.kommune.no                             

Få informasjon og følg oss på facebook: https://www.facebook.com/vagsoyfrivilligsentral eller nettsida: https://vagsoy.frivilligsentral.no

Florø Frivilligsentral:

Bente Nilsen, Leiar, 90222692 / bente.nilsen@kinn.kommune.no 

Få informasjon og følg oss på facebook: https://www.facebook.com/florofrivilligsentral eller nettsida: https://floro.frivilligsentral.no/   


2024 © Vågsøy frivilligsentral